fredag 3. mai 2013

politikk handlar like mykje om det ein ikkje seier som det ein seier. Høgre har jobba hardt for å stå fram som eit snilt sosialdemokratisk parti. Men eit parti som meiner at arbeidstakar og arbeidsgjevar i ro og mak kan bli enige om når ein skal ha fri, når ein kan vera sjuk og kor mykje ein kan tena fér med usannhetar, for det som ikkje blir sagt her, er at styrkeforholdet mellom dei to er ikkje jevnt. Likeledes er det med privat sosialomsorg og privat helsevesen. Dei som driv butikk i desse bransjane, driv butikk. Helseeffekten eller den sosiale effekten vert å rekna som bivirkningar eller eventuellt bonus-effektar av prosessen med å tena pengar og skapa profitt for eigarar. Dette seier det nye lyseblå Høgre lite og ingeting om. At dei storkjefta unge-høgre folka som befolka riksmålsforbundet på vidaregåande no endeleg får sjansen til å driva nynorsken inn i gløymsla for godt seier dei lite om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar